Om Forbrukartvistutvalet

Forbrukartvistutvalet er eit offentleg organ med mynde til å avgjere visse typar forbrukarsaker som fyrst har vore handsama hjå Forbrukarrådet. Utvalets oppgåve er å avgjere tvistar i forbrukarsaker som gjeld kjøp av varer, handverkartenester og saker om angrerett.

Utvalet er eit domstolsliknande organ, blant anna ved at ei avgjerd her er bindande og har same verknad som ein dom. Ein vesentleg skilnad er at sakshandsaminga er skriftleg, og at partane ikkje møter når saka blir avgjort. På same måte som domstolane, skal Forbrukartvistutvalet vere nøytralt og søkje å finne den avgjerda som er rett ut ifrå opplysningane i saka, regelverk og tidlegare praksis. Det vert ikkje stilt krav om gebyr for å få ei sak handsama i Forbrukartvistutvalet.

Det fins ei rekkje klagenemnder som handsamar forbrukartvister FTU ikkje kan handsama,
eller som avlastar FTU i enkelte sakstyper. Oversikt over norske klagenemnder finn du
her

Sekretariatet for Forbrukartvistutvalet
Forbrukartvistutvalet har eit sekretariat som syt for saksførebuing og saksavvikling. Sekretariatet har kontinuerleg kontrakt med partane i sakene som er til handsaming. Sekretariatet har også som oppgåve å gjere publikum kjend med Forbrukartvistutvalet og dei vedtaka som blir slutta. 

Opningstid
Sekretariatet sine opningstider er kl. 08.00 – 15.45 i tidsrommet 15. september til 15.mai, og kl. 08.00 – 15.00 i tidsrommet 15.mai – 15. september. Sakshandsamarane har telefontid frå kl.09.00 – 14.30 heile året.  

Sakshandsamingstid
Sakshandsamingstida er omlag 4 månader frå saka kjem til Sekretariatet frå Forbrukarrådet, til vedtak vert sendt til partane. Ein må vente lengre sakshandsamingstid dersom saka reiser vanskelege og samansette problemstillingar eller om partane ikkje svarar på oppfordring.

Sakshandsaminga
Når ei sak kjem inn til Sekretariatet frå Forbrukarrådet, skal partane snarast, og innan 14 dagar, få underretning/stadfesting om dette. Dersom ein av partane sender inn relevante nye opplysningar eller førespurnadar, skal det verta svart på og/eller bli sendt til den andre parten til underretning/eventuelt for kommentarar innan 14 dagar.

Etter at saka er ferdig førebudd i Sekretariatet, vert den lagt fram for sjølve Forbrukartvistutvalet for avgjerd. Både Sekretariatet og Forbrukartvistutvalet skal vere nøytrale i forhold til saka sine partar og skal ikkje opptre som forbrukaren sitt talerøyr. Sekretariatet svarar på spørsmål om sakshandsamingstid og prosessuelle sider ved saka. Sekretariatet kan ikkje på førehand uttale seg om kva utfall saka mest truleg vil få. 

Klagetilgong
Forbrukartvistutvalet sine vedtak har same verkknad som ein dom. Den som ikkje er samd i vedtaket, kan angripe det ved å bringa saka inn for tingretten innan ein frist på fire veker rekna frå den dato vedtaket vart forkynt. Det er ikkje mogleg å klage over resultatet til eit anna sakshandsamingsorgan, heller ikkje til Sivilombodsmannen. Klage over sakshandsaminga kan likevel bringast inn for Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet innan ein frist på tre veker, rekna frå den dato vedtaket vart forkynt. Slik klage skal sendast til Sekretariatet for Forbrukartvistutvalet , som sender klagen til departementet. Etter at klagen er ferdig handsama i departementet, kan klagen over sakshandsaminga bringast inn for Sivilombodsmannen for vurdering.

Normalt kan ein ikkje krevje at Forbrukartvistutvalet skal vurdere ei sak som tidlegare har blitt avgjort av utvalet på nytt. For at gjenopning av saka skal kunne skje, må visse føresetnadar vere oppfylt. Nærare opplysningar om dette kan ein få hjå Sekretariatet. 

Oppgjer
Om vedtaket går ut på at den eine parten har krav på noko frå motparten, må han/ho sjølv følgje med på om vedtaket vert oppfylt, og om det er nokon føresetnadar som oppfyllingsplikta er avhengig av. Motparten skal utan purring oppfylle ei plikt som er utan vilkår. Det vert ikkje sendt ut giroblankett eller liknande frå Sekretariatet, som heller ikkje har oversikt over om oppgjer har skjedd. Sekretariatet kan likevel sende over dei dokument som trengs for å sette i gang tvangsfullbyrding til forbrukaren, dersom motparten ikkje gjer opp frivillig.  

Offentlegheit
Saksdokumenta er unntatt offentlegheit medan saka er til handsaming i Forbrukartvistutvalet/Sekretariatet for Forbrukartvistutvalet. Etter at saka er ferdig handsama, har i utgangspunktet ein kvar som ynskjer det krav på å få innsyn i dokumenta.