Etter at FTU har teke mot saka, sendast kravet og ei oppmoding om tilsvar til forkynning for den som er innklagd.
FTU si handsaming av saka er skriftleg. Det vil seie at partane eller vitner ikkje har høve til å gi munnleg forklaring til FTU.
Avgjerd vert teke etter at FTU munnleg har drøfta saka internt. Avgjerda og grunngjevinga for dette skrivast i eit vedtak som skal forkynnast for partane.
Eit vedtak frå FTU kan ikkje klagast vidare etter forvaltningsloven. Vil ein freiste å få det oppheva, lyt ein ta ut stemning til tingrett mot den andre parten. Fristen for dette er 4 veker frå vedtaket er forkynt.
Er stemning ikkje tatt ut innanfor fristen, er vedtaket rettskraftig og har same verknad som ein dom. Det vil seie at det er bindande for partane. Vedtaket er tvangsgrunnlag for plikter som er slegne fast der. Ein kan då gå til namsmannen med det om det ikkje blir etterlevd friviljug.